Fint å få gå inn i dette heilage rommet, mykje eldre enn nokon av oss kan hugse, og lytte til Magne Olav sine tonar frå galleriet. Samtidig bli mint på at det heilage rommet er i og mellom oss menneske, men og at snart; når klokkene lokkar, vil vi samle oss her i flokkar. Eli lagt ut ein video på facebook, sjå den på denne lenken:
Video frå Volbu kyrkje Kyrkja ho er eit gamalt hus, på orgel kyrkjemusikar Magne Olav Selland.
530 Kyrkja ho er eit gamalt hus
Tekst NFS Grundtvig, oversett av Anders Hovden
Melodi Ludvig M. Lindemann
1 Kyrkja ho er eit gamalt hus,
stend om enn tårna mun falla.
Tårn etter tårn dei sokk i grus,
endå kan klokkene kalla,
kalla på gamal og på ung,
mest då på sjela trøytt og tung,
sjuk for den evige kvila.
2 Herren, vår Gud, i hus ei bur
som dei kan byggja med hender,
men til den sjel som barnleg trur,
han i si miskunn seg vender.
Underfullt hus, eit tempelkor,
bygde han seg i oss av jord,
reiste av gruset i nåde.
7 Gjeve då Gud, der me skal bu,
alltid når klokkene lokkar,
folket i samlynd kristentru
glade i kyrkja seg flokkar.
"Verda vel ei, men de meg ser;
alt som eg seier, sjå det skjer!
Fred vere over dykk alle!"
Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.